Forfattere:
ISBN:
9788241903106
Utgivelsesår:
Innbinding:
Innbundet
Sideantall
170
Alder:
Voksen

Vossastubbar og soger

Han var livlaus og vart lagd til sides då han vart fødd. Tvillingbroren som kom etter, såg endå meir død ut enn den første, som derfor vart teken fram att, massert og klapsa i baken av jordmora. Det vart Per Sivle. Han voks opp i tre ulike fosterheimar, var svært skuleflink og vart etter kvart også svært produktiv. I år er det 100 år sidan Per Sivle døydde for eiga hand etter fleire tunge år.Per Sivle opplevde så mykje på sitt eige skinn at han visste kva som svir, kva som gler, og kva som slepper tårene laus. Han fekk prøve alt sjølv. Sivle har ord og dikt til dei som er i fest og høgtid. Han har mjuke ord til dei som står ved mor si grav. Han har ord òg klumsande forteljingar til born. Alt er oppbygd på ein slik måte at det "tek" tilhøyraren. Der set det seg fast i hausen, og der vert det verande.Språket til Per Sivle er utruleg rikt på ord og nyansar frå talemålet. For å bevare originaliteten og mangfaldet i dette levande målet er det i denne boka laga forklaringar til ord som i dag er lite brukte. Tekstane er dermed tilgjengelege for alle.Per Sivle gav ut to samlingar av Vossastubbar, i 1887 og i 1894. Sogor kom ut i 1887 og er av mange sett på som Sivles meisterverk. I september 2004 er det 100 år sidan Sivle døydde, og boka er vår markering av dette merkeåret. Føreordet er skrive av Jens Brekke, leiaren i Sivlelaget.

Last ned forsidebilde
Noen ganger kan forsidebilder med få detaljer resultere i små bildefiler, for eksempel 250 KB. Dette skyldes at JPG-komprimeringen er effektiv. Til tross for at bildefilen er liten, vil de likevel være skarpe nok på trykk! Last ned bildet og åpne det fullskjerm: Ser det skarpt ut på skjermen, vil det også bli skarpt på trykk.

Andre bøker av denne forfatteren