VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå – i forhold til resten av landet og ei større omverd. Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag.Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!
Noen ganger kan forsidebilder med få detaljer resultere i små bildefiler, for eksempel 250 KB. Dette skyldes at JPG-komprimeringen er effektiv. Til tross for at bildefilen er liten, vil de likevel være skarpe nok på trykk! Last ned bildet og åpne det fullskjerm: Ser det skarpt ut på skjermen, vil det også bli skarpt på trykk.