Forfatter:
ISBN:
9788241904004
Utgivelsesår:
Innbinding:
Innbundet
Sideantall
1236
Alder:
Voksen

Vestlandets historie. Bd. 1-3

VESTLANDETS HISTORIE er den første verkelege landsdelshistoria som blir gitt ut i Noreg. I tre bind tek verket for seg samanbindande tilhøve og samhandling i landsdelen gjennom tidene, men òg motkrefter i form av lokale ulikskapar og spenningar. Vestlandet blir sett både innanfrå og utanfrå – i forhold til resten av landet og ei større omverd.Det første bindet, NATUR OG NÆRING, handlar om samspelet mellom naturvilkår og næringsdrift i landsdelen gjennom tidene. Sjøvendinga – frå første stund med fiske og fangst, etter kvart sjøfart, og i nyaste tid havbruk og olje- og gassutvinning – har heile tida vore sterk, også etter at mykje av samferdsla er flytta over til land og luft. Likevel var landbruket hovudnæringa gjennom tre–fire tusenår fram til 1800-talet. Frå midten av dette hundreåret slo industrien rot, og Vestlandet er i dag industrilandsdelen i Noreg. I sysselsetjinga dominerer likevel no offentleg og privat tenesteyting.Det andre bindet, SAMFUNN, handlar om samfunnsdanning og samfunnsorganisasjon i landsdelen frå mellomalderen til i dag. Landskapa frå Sunnmøre til Agder fekk ein sams samfunnsorganisasjon da dei blei eit eige ting- og lovområde under Gulatinget, og seinare blei heile Vestlandet bunde saman av det dominerande handelsknutepunktet og styringssenteret i Bergen. I samfunnsutviklinga gjennom de siste fem hundre åra legg bindet vekt på det vestnorske bygdesamfunnet, by- og tettstadsutvikling, tilhøvet mellom sentralmakt og vestnorsk periferi, folkerørsler og frivillige organisasjonar. Framstillinga munnar ut i eit oversyn over vestlandssamfunnet i dag.Det tredje bindet, KULTUR, handlar om den mangslungne og rike kulturutviklinga på Vestlandet frå trusskiftet i mellomalderen til i dag. Opningskapitlet ser vestnorsk identitet i eit historisk perspektiv. Den vidare framstillinga går inn på kristendom og kyrkje i mellomalderen og religiøse forhold i etterreformatorisk tid, særleg lekmannsrørsle og religiøse vekkingar. Det blir gitt eigne oversyn over språkutvikling og litteratur, Vestlandet som motiv i biletkunsten, og utviklinga av musikk og scenekunst. Ein epilog samlar trådane i bindet og heile trebindsverket.«…eit assortert skattkammer. Eg nøler ikkje med den konklusjonen at det kan vere julegåva til patriotiske vestlendingar.»Professor emeritus Kåre Lunden i Dag og Tid, 1. desember 2006«Både i tekst, bilder, register, fotnoteapparat, layout og papirkvalitet oser det av kvalitet»Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006«Det går gjerne inflasjon i begrepet praktverk i forlagenes markedsføring i disse førjulstider,men forlaget Vigmostad & Bjørke kan med rette bruke det om sin nye vestlandshistorie.» Ole Kallelid i Stavanger Aftenblad 28. november 2006Alle bestillinger av verket via nettbutikken leveres portofritt!

Andre bøker av denne forfatteren