Romaner

Og prosjekta skal bleikne

  • Forfatter: Per Helge Genberg
  • ISBN: 9788241953361
  • Utgivelsesår: 2020
  • Innbinding: Innbundet
  • Sideantall: 67
  • Kategori: Romaner
  • Alder: Voksen
Romaner

Og prosjekta skal bleikne

Tredje bok i Per Helge Genbergs lysande livsforteljing frå Levanger.
Etter to sterke, såre bøker om utanforskapen i eigen barndom og ungdom går Genberg no vidare til jobb-delen av tilværet. Med røynsle frå over 30 år som byråkrat avslører han i stutte, skarpe bilete ineffektiviteten og blendverket i offentleg forvalting. For å finna dei djupe verdiane må han ut or kontoret og inn i dei tre kjærleikane: til Gud, til mannen sin og til sauene. Og ingen skriv om sauer som Per Helge Genberg.

«Dette har du ikkje høyrt om. Dette må du lese: Per Helge Genberg har fullført ein usedvanlig sjølvbiografi i tre deler.»
«Gjennom eit nøye destillert språk, rissa han opp sin sjølvbiografi med sauer, utdanning, folk, jobb og natur og det var så vakkert, så skjørt, ømt og samtidig brutalt. Dei små bøkene dirra.»
«No set eg Og prosjekta skal bleikne saman med dei to andre på lett synleg plass i bokhylla. Dei får halde saman, halde kvarandre synlege i all si slankheit. Desse bøkene kjem eg til å hente fram igjen.»
Vidar Kvalshaug, BOK365

«Han stiller viktige spørsmål både direkte og indirekte, og kommer med fint formulerte betraktninger.»
«En av styrkene i Genbergs lyrikk er at han klarer å skape gjenkjennelige språkbilder som skaper en nærhet til det beskrevne.»
Tor Martin Årseth, Namdalsavisa

Contributor img

Per Helge Genberg

Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han har gjeve ut to sterke, lyriske bøker om utanforskapen i eigen barndom og ungdom – Finna kyrkjedøra i meg (2018) og Å bera nakne nyklar (2019). Hausten 2020 kjem den tredje, frittståande oppfylgjaren Og prosjekta skal bleikna.Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.Foto: Marius Langfjord
Les mer

Media image.
Tilgjengelig

349,-

Du har lagt produktet i handlekurven
Og prosjekta skal bleikne
Og prosjekta skal bleikne
Innbundet Innbundet
|
Tilgjengelig
1 x 0,-
0,-
Innbundet Innbundet
|
Tilgjengelig
1 x 0,-
0,-
Loading...