Forfattere:
ISBN:
9788241902949
Utgivelsesår:
Innbinding:
Innbundet
Sideantall
224
Alder:
Voksen

Norsk ordsamling

Dette er andre utgåva av Laurents Hallagers Norsk Ordsamling frå 1802, som var den største norske ordboka før Ivar Aasens tid. Den er på eit vis krona - eller den førebelse krona - på ein tradisjon med norske bygdemålsordbøker som hadde røter tilbake til 1600-talet. Hallager si bok er ikkje blitt trykt opp att før no, trass i at ho spela ei svært viktig rolle i norsk språkleg bevisstgjering og nasjonsbygging i første helvta av 1800-talet. Boka var ein viktig "igangsetjar" for både Wergeland og Aasen som språkaktivistar. No når det er gått 200 år sidan ho kom første gongen, er det på tide at ho blir tilgjengeleg att - både som kjelde til kunnskap om norsk språk i dansketida (men ei kjelde som må nyttast med mykje kritikk), og ikkje minst: som eit viktig åndshistorisk dokument. Laurents Hallager (1777-1825) var fødd og døydde i Bergen. Han tok medisinsk utdanning og doktorgrad, og arbeidde som lege i Bergen. Ved sida av medisinen var språk den store interessa hans. Han var berre 23 år gamal då han laga Norsk Ordsamling, som vart trykt i 1802.Lars S. Vikør er fødd i 1946 og har sidan 1993 vore professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo og hovudredaktør for Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. Han har gitt ut fleire bøker om språkspørsmål, m.a. På godt norsk. Ei handbok i nynorsk målbruk (saman med J. O. Fretland o.a.), Språk og samfunn gjennom tusen år (saman med Olaf Almenningen o.a.), Språkplanlegging. Prinsipp og praksis, The Nordic Languages. Their Status and Interrelations, Hovuddrag i norsk språkhistorie (saman med Arne Torp), og Språknormer i Norge (saman med Helge Omdal).

Last ned forsidebilde
Noen ganger kan forsidebilder med få detaljer resultere i små bildefiler, for eksempel 250 KB. Dette skyldes at JPG-komprimeringen er effektiv. Til tross for at bildefilen er liten, vil de likevel være skarpe nok på trykk! Last ned bildet og åpne det fullskjerm: Ser det skarpt ut på skjermen, vil det også bli skarpt på trykk.