- Kvart ord i denne boka er sant

05. March, 2018, av Kristian Strømme

I vinter debuterte den 58 år gamle bonden Per Helge Genberg frå Levanger med ei sterk, sår og djupt personleg forteljing. Finna kyrkjedøra i meg handlar om å føla seg annleis, om å oppdaga si homofile legning i ein alder av 13, om gudstru, om sauer og om kjærleik. 

I vinter debuterte den 58 år gamle bonden Per Helge Genberg frå Levanger med ei sterk, sår og djupt personleg forteljing. Finna kyrkjedøra i meg handlar om å føla seg annleis, om å oppdaga si homofile legning i ein alder av 13, om gudstru, om sauer og om kjærleik. Her kjem ordet «virkelighetslitteratur» til sin rett: «Kvart ord i denne boka er sant», seier forfattaren sjølv.  

Kvifor skriv du?

Eg skriv av di eg har ei uvanleg livsrøynsle som eg vil gjera synleg i ”det offentlege rom”. Stundom har eg faktisk kjent meg provosert av at ”alle” som skriv om barndom og ungdom har hatt venner; rett nok i ulik mengd og av ulik ”kvalitet”, men alltid nokon, alltid eit slag sosial fellesskap med jamaldringar. Eg hadde aldri nokon slik fellesskap før gymnaset, og ikkje i særleg grad då heller. Og eg skriv av di eg vil vise korleis ei slik grunnleggjande einsemd og ein slik utanforskap blir noko ein ber med seg resten av livet, korleis det er med på å styre korleis ein reagerer i ulike situasjonar. I tillegg vil eg gjerne lyfte fram dyra, garden og landbruket; det er òg eit under-kommunisert tema i litteraturen. Det tredje hovudtemaet mitt; den homofile frigjeringa, er viktig for å vise kor enormt positiv utviklinga har vori her sidan eg var ung.

Les hele intervjuet i forlagsmagasinet Bak omslaget her

Les mer om Per Helge Genbergs Finna kyrkjedøra i meg her

Arkiv

2018   1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
2017   1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
2016   1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12