ISBN:
9788241931758
Forlag:
Vigmostad & Bjørke
Trykket år:
2018
Utgitt:
Utgave:
1
Sider:
60
Alder:
Voksen

Jul der ingen skulle tru at nokon kunne bu 2018

 

Juleheftet i år er det femte i rekkja, og det følgjer den faste oppskrifta ei blanding av soger frå avsidesliggjande gardar og grender, med vekt på julehistorier, og artiklar om andre emne som høyrer jula til, som julesongen, julestjerna og julegåvene. 

Du kan lese om: 

beviset på at det lyste ein stor lekam på nattehimmelen over Betlehem på den tid Jesus vart fødd. Korleis er beviset funne, kva slags lekam var det, og kven var vismennene frå Austerland? 

Brekke-jentene frå den veglause bygda Måren. At dei ein veslejulaftan drog til grannen for å feire jul, og at dei nådde heim att først ved nyttårsleite, er berre ei av mange fornøyelege historier som går om desse tre uvanlege naturborna. 

jenta som fekk ein vanskeleg start på livet, og som seinare måtte dele hus og heim med ei myndig, men frodig svigermor. Historia om dei to nordnorske kvinnene, Inga jordmor og farlause Karly, er ei historie om to sterke kvinner, og om livsmot og humor midt i ein kravstor kvardag. 

innsamling av julegåver til fattige, norske born. For nokre år sidan starta Raudekrossen i Larvik ein julegåveaksjon for vanskelegstilte born i byen. Seinare har idealistiske foreiningar landet over teke opp ideen. Sentralt i innsamlinga står julegranene. Dei har fått nytt innhald, ny meining. 

folket ved foten av Folgefonna. I eit par hundre år budde nokre menneske i fjellheimen vest for storbreen. Livet var merkt av arbeid og slit, men òg av samhald og hjelpsemd. Historia om dette folket inneheld også sterke juleminne, på godt og vondt. 

julesongen som har nådd lenger ut i verda, og lenger inn i menneskehjarta, enn nokon annan julesong. Denne julekvelden er det 200 år sidan «Stille Nacht», eller «Glade jul» vart til. Korleis det skjedde, er ei av dei mest forunderlege hendingane i historia om julesongane våre. 

Oddgeir Bruaset, mannen bak den folkekjære TV-serien og dei populære bøkene Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, har skrive alle tekstane i heftet. 

Andre bøker av denne forfatteren