Forfattere:
ISBN:
9788241954092
Utgivelsesår:
Innbinding:
Innbundet
Sideantall
256
Alder:
Voksen

Heimelaga Oppskrifter og kvardagslykke frå Margits kjøkken

Margit Dale frå TV 2-seriane Fjellmat og Kystmat har gjennom naturleg veremåte og jordnær matformidling blitt svært populær. Matbloggen margitdale.no har fått ein stor følgjarskare, og etter to kokebøker saman med Trond Moi og Rune Andersen er ho klar med si første på eiga hand.
I boka presenterer ho over 80 oppskrifter i spennet mellom tradisjon og fornying, og vi følgjer henne frå sjø til hei på jakt etter gode råvarer og matopplevingar. Ho har laga ei bok som sprudlar av mat- og livsglede, og som samtidig kjem med viktige innspel i ei tid der berekraft og miljøperspektiv blir knytt sterkare og sterkare til maten me et kvar dag.
Margits oppvekst i Setesdal var prega av gamle mattradisjonar og nærleik til naturen. Dette har lagt grunnlaget for ein matfilosofi som byggjer på kortreiste råvarer, reine smakar og matglede. Margit seier det slik:
«Ta deg ein tur i skogen, på fjellet eller ut på sjøen saman med familie eller gode vener. Jakt, plukk, sank, fisk og ta det med heim. Lag god mat frå botnen av, og gled deg over maten saman med hyggjelege folk. Skap smakar og augneblinkar som du alltid vil minnast. La maten få ein verdi i livet ditt – eg er sikker på at du ikkje vil angre!»

Last ned forsidebilde
Noen ganger kan forsidebilder med få detaljer resultere i små bildefiler, for eksempel 250 KB. Dette skyldes at JPG-komprimeringen er effektiv. Til tross for at bildefilen er liten, vil de likevel være skarpe nok på trykk! Last ned bildet og åpne det fullskjerm: Ser det skarpt ut på skjermen, vil det også bli skarpt på trykk.

Andre bøker av denne forfatteren