Forfatter:
ISBN:
9788241912061
Utgivelsesår:
Innbinding:
Innbundet
Sideantall
246
Alder:
Voksen

Gamlingar løner seg ikkje

Dei beste petitane frå vår tids Vestlandsfanden.

Gjennom mange år som petitskribent i Bergens Tidende har Asbjørn Kristoffersen på sitt surmaga vis vore dei eldre si stemme i samfunnet. Ingen er spart når Kristoffersen kvesser pennen, og det tematiske spennet strekker seg frå digitalisering av dei eldre, til fotballklubben Brann, moderne design og helsepolitikk. Tekstane hans er kvasse, ofte rammande, men alltid poengterte.

Stilistisk står Kristoffersen i den vestlandskfandenske tradisjonen til Einar Førde og Erling Lægreid. Han er ein av ytterst få nolevande journalistar som dyrkar det nynorske tvisynet i arven etter Aasmund Olavsson Vinje.

Om forfattaren:

Asbjørn Kristoffersen (f. 1947) har vore journalist i Bergens Tidende sidan 1974. Han har skrive fleire reportasjebøker, og fekk i 2015 Gullparaplyens heiderspris, som blir utdelt av Bergen Journalistlag for å fremje god journalistikk i alle sjangrar.

Last ned forsidebilde
Noen ganger kan forsidebilder med få detaljer resultere i små bildefiler, for eksempel 250 KB. Dette skyldes at JPG-komprimeringen er effektiv. Til tross for at bildefilen er liten, vil de likevel være skarpe nok på trykk! Last ned bildet og åpne det fullskjerm: Ser det skarpt ut på skjermen, vil det også bli skarpt på trykk.