ISBN:
9788241915970
Forlag:
Vigmostad & Bjørke
Trykket år:
2018
Utgitt:
Utgave:
1
Alder:
Voksen

Finna kyrkjedøra i meg Prosa

Den tretten år gamle guten ser ein vaksen mann gå avkledd på ein varm dag. Det vekker ei spenning som er nok til å skjøne at tiltrekkinga går i «feil lei». Kva skal no skje med odelen, den ætteplikta som er planta så djupt i han, og kva med den nedervde omsorga for dyra? Alt kan slutte med han

Finna kyrkjedøra i meg er ei sterk og sår forteljing om å vekse opp på landsbygda i ei tid då det å vera homofil var enda meir skambelagt enn i dag. Det handlar om å vera vennelaus og om sosial skade. Det handlar om å vera seg sjølv der ein bur, og om å finna og få leva med den store kjærleiken. Det er ei forteljing gjennomsyra av bondens kjærleik til gard, jord og dyr, ein kjærleik like sterk alle dagar gjennom året.

«Når siste side er vendt, går du straks tilbake til start og leser boka en gang til.» Fredrik Wandrup, Dagbladet (Terningkast 5)

Per Helge Genberg (f. 1959) er frå Lierne og bur i dag på Levanger. Han arbeider som byråkrat og bonde, og har hovudfag i nordisk språk og litteratur. Han debuterte i Signaler 2016. Familie: mannen Øystein, mor Oddbjørg og sauene Ømjer, Phèdre, Øyfrid, Terna, Eivør, Shabana, Aylar, Wilhelmina, Ragna, Ingeborg, Jakobine og Hrafnheidur.

Andre bøker av denne forfatteren