reklamebokframsiderspelpostkorttelegramplakatarutstillingarbrosjyrarlogoarbiletbøkerglansbileteHarald Damsleth (1906–71) var aktiv som teiknar og illustratør i over 40 år. Han var ein norsk kunstnar ein ikkje kjem utanom, for han har utan tvil sett sitt preg på norsk kultur.Heile sitt yrkesliv teikna han bilete som blei spreidde i norske aviser, tidsskrift, vekeblad, bøker og andre trykksaker i høge opplag. Bileta blei sette av tallause barn og vaksne – men som oftast utan at publikum kjende namnet på opphavsmannen. Som formskapar innan bruksgrafikk og populærkultur var Damsleth heilt unik. Dei beste verka hans er høgt vurderte av kollegaer og grafiske formgjevarar, og framleis er han å finne i mange trykksaker kringom i norske heimar.Denne boka viser omfanget av Damsleths offentlege livsverk. Boka er eit oppsporings- og innsirklingsverk, full av utvalde Damsleth-illustrasjonar som vil både glede og overraske.
Noen ganger kan forsidebilder med få detaljer resultere i små bildefiler, for eksempel 250 KB. Dette skyldes at JPG-komprimeringen er effektiv. Til tross for at bildefilen er liten, vil de likevel være skarpe nok på trykk! Last ned bildet og åpne det fullskjerm: Ser det skarpt ut på skjermen, vil det også bli skarpt på trykk.