I vinter debuterte den 58 år gamle bonden Per Helge Genberg frå Levanger med ei sterk, sår og djupt personleg forteljing. Finna kyrkjedøra i meg handlar om å føla seg annleis, om å oppdaga si homofile legning i ein alder av 13, om gudstru, om sauer og om kjærleik.