
|
|
||||||||
|
Jarle Trå overlevde fleire døgn nær toppen av Mount Everest. Her er hans eiga fortelling om denne turen og om mange av dei andre og vellykka turane han har bak seg. «Den eine foten vert flytta framfor den andre i ein sakte, repeterande rytme. Eg tar ein kort pause kvar gong jumaren må flyttast forbi eit forankringspunkt. Eg setter meg av og til ned i snøen og nyter den fantastiske utsikta over Tibet og Himalaya. I horisonten i nordvest ser eg Shisha Pangma, og ein god del nærmare ligg Cho Oyu. Synet bringer tilbake gode minner frå suksessfulle ekspedisjonar til desse gigantane nokre år tidlegare. Eg hugsar følelsen idet eg sto på toppen. Den gode følelsen av å vera på toppen av eit fjell som ein har drøymt om i lang tid. Følelsen av å ha full kontroll over alle faremomenta rundt ein. Lite anar eg om at den kontrollen akkurat no er i ferd med å forsvinne. Akkurat no er verdas høgaste fjell i ferd med å ta kontrollen over meg.» Jarle Trå (f. 1970) er frå Granvin i Hordaland. Han er fjellklatrar og har vore på ein rekke ekspedisjonar. Han har sykla og gått Noreg på langs, kryssa Grønland og klatra på fleire av 8000-metringane i Himalaya. Trå er også turleiar og har organisert og leia folk på ekspedisjonar over heile verda. Dette er hans første bok. Se flere bøker i kategorien Dokumentar |
|||||||||
|
||||||
| Forfatter/Tittel | Utgitt | Pris | Kjøp | |||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Livet i fjella
Trå, Jarle |
|
349,– | ||||
| Understreket kolonnetittel markerer sortering. Klikk kolonnetittel på nytt for å sortere i omvendt rekkefølge. | ||||||